Seniortrim i Vossabadet

Vossabadet (13).JPG - Klikk for stort bilete

Vossabadet og Voss Kommune vil gjerne invitere til seniortrim no i adventstida. Kvar torsdag fram mot jul (7., 14. og 21. desember) klokka 15.00 vert det aktivitet i vatn under instruksjon av fysioterapeut Martin Ensink. Målet er å få noko auka puls og pust.


Etter bading vert det kaffi og bolle i kaféområdet i 2. etasje.

Du melder deg på direkte til Vossabadet, ved å ringa 992 19 299 eller å senda ein e-post til resepsjon@vossabadet.no. Me har plass til 50 seniorar til kvar trim.

Pris: 85,-
Dei som har årskort eller klyppekort kan nytta dette.


Hjelp oss å spre ordet - eller meld på nokon du kjenner!

 

Sist endra 04.12.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering