Overskot for Voss kommune

Etter avsetning til, og bruk av, fond, har Voss kommune eit rekneskapsmessig overskot på 5,3 millionar kroner i 2017.

Justert for finansinntekter og -utgifter, blir netto driftsresultat 50,8 millionar kroner. I prosent er netto driftsresultat på 3,87 prosent av brutto driftsinntekter. I desse tala er 24,67 millionar kroner, som er kome i samband med kommunesamanslåing, rekna inn i driftsinntektene. Ser ein bort frå dette, er driftsresultatet 2,03 prosent, noko som likevel er over 1,75 prosent, som er målet sett for kommunale verksemder.

Rekneskapen i høve til dei enkelte kommunalavdelingane syner eit negativt avvik på 13,1 millionar kroner. Kommunalavdeling oppvekst har eit negativt avvik på 11,5 millionar kroner, helse og omsorg 2,5 millionar og kultur og fritid 0,1 millionar. Stab og kommunalavdeling teknisk har isolert overskot på 1,3 og 1,2 millionar kroner.

Trass i negativt avvik i kommunalavdelingane veg auka inntekter opp for dette, og sikrar kommunen eit driftsresultat over målet som er sett for kommunale verksemder.

Les meir (PDF, 232 kB)

Sist endra 08.03.2018
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering