Opptak barnehage 2018

Søknadsfrist til hovudopptaket til barnehageplass er 1. mars 2018.  Har du søkt plass tidlegare treng du ikkje søkje på nytt. Hovudopptaket gjeld ledige plassar frå august 2018. Søknader som er med i hovudopptaket er barn med lovfesta rett til plass.


Lovfesta rett betyr at

  • Barnet må ha fylt eitt år innan utgangen av november 2018
  • Det må væra søkt om barnehageplass innan 1. mars 2018
  • Barn som fyller eit år innan utgangen av august  har rett på plass frå august månad. Barn som fyller eit år i september, oktober eller i november har rett på plass frå den månaden barnet fyller eitt år.

 

Retten til barnehageplass er innfridd når du mottar tilbod om plass i ein barnehage i bustadkommunen.

Hovudopptaket pågår frå 2. mars til og med 1. mai. I den perioden kan du ikkje endre på søknaden. Søknader for barn som ikkje fyller kriteria for lovfesta rett til barnehageplass, blir behandla dersom det er ledige plassar i kommunen etter 1. mai 2018.

 

Stadfesting av barnehagesøknaden.

For å ha ei best mogeleg oppdatert søkjarliste til hovudopptaket vil alle foreldre/føresette som ønskjer byte av barnehage eller type plass, motta ein e-post frå Voss kommune i veke 6  med melding om å stadfesta barnehagesøknaden. For å stadfesta  barnehagesøknaden må ein vera innlogga i søknadsportalen. Stadfesting av barnehagesøknaden må gjerast innan 1. mars.

 

Prioritet
Du kan søkje prioritet til barnehageplass i tråd med gjeldande kriterier. Då må du sende gyldig dokumentasjon til:

Voss kommune v/Kommunalavdeling oppvekst, postboks 145, 5701 Voss innan 1. mars.

 

Søknadsportalen

Klikk her for å koma til søknadsportalen. Innlogging til portalen skjer via ID-porten. Ein treng ikkje vere innlogga for å søkje om barnehageplass.

Klikk her for barnehageruta (PDF, 420 kB)

Sist endra 06.02.2018
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering