Nytt oljepåslepp

Det er på ny kome oljehaldig væske inn på avløpsnettet til Voss kommune.

Tidlegare i år fekk eit oljepåslepp store konsekvensar for reinseanlegget i Gjernesmoen, men trass i politietterforsking vart det ikkje avdekka kvar oljepåsleppet kom frå.

Denne gongen er det avdekka kvar forureininga kjem frå. Abonnentar varsla onsdag Voss kommune om lukt, mannskap frå vatn og avløps-avdelinga i Voss kommune rykka ut og lokaliserte kjelda.

Voss brann og redning var klare til innsats om nødvendig, og reinseanlegget var klare til å setja i verk prosedyre for påslepp, og samla opp det som var på veg.

Det er positivt at abonnentar varslar Voss kommune ved slike hendingar, og denne hendinga syner at systemet til Voss kommune fungerer når me vert varsla.

Så mykje som 400 liter oljehaldig væske kan ha kome ut på avløpsnettet som fylgje av dette utsleppet. Saka vert meldt til politiet.

Sist endra 09.11.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering