Møte om nytt søknadssystem

Skjermbilde.JPG - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Kommunane Voss, Granvin, Ulvik og Vaksdal, i samarbeid med lokale bondelag og bonde- og småbrukarlag inviterer med dette til informasjonsmøte om nytt søknadssystem for produksjonstilskot i jordbruket. Møtet vert halde i kultursalen i Voss kulturhus den 25. april, frå kl. 10.00 til 12.00. Me har invitert fylkesmannen i Hordaland v/rådgjevar Silje A. Lyhammer, til å informera om kva endringar omlegginga av søknadssystemet har å seie for den einskilde søkjar om produksjonstilskot, både når det gjeld regelverk, fristar og sjølve søknadsskjemaet. Me oppmodar alle som har interesse av å setja seg inn det nye søknadssystemet om å stille på møtet

Sist endra 18.04.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering