NRK Sommertoget kjem til Voss 29. juli

NRK Sommertoget.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

NRK Sommertoget kjem til Voss 29. juli. Litt etter kl 0800 på morgonen rullar toget inn på stasjonen, og det vert gratis frukost og underhaldning med Baljelauget og Badnajazz-koret. Utover heile dagen skjer det ting i Kulturhuset og på stasjonen, mellom anna kino, konsertar og besøk av Fantorangen– og alt er gratis! På kvelden sender NRK1 Sommeråpent direkte frå kl 2130 – og det er kjekt at så mange som mogleg stiller opp J  Etter sendinga vert det Olsokfest i Kulturhuset. Me tenner bål ved Vangsvatnet og kanskje kjem det ein spelemann eller to? Velkomen til sentrum 29. juli!

Fyl Voss Kulturhus på Facebook for oppdatert informasjon.

Merk at parkeringsplassen ved stasjonen vert stengd i perioden fredag 28. juli kl 0700 til sundag 30. juli kl 0700 grunna arrangementet. Alternativ parkeringsplass vert på andre sida av jernbanen (gamle Fraktgodsen). Vegen opp vert også stengd for bilar i same periode.

Sommertog.jpg

Sist endra 18.07.2017
Nyhende karusell forsiden
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering