Miljøvernprisen 2017

20180201_182942.jpg - Klikk for stort bilete Gunnar Bergo

 

 

 Leiar i MKU ,Vidar Skeie, delte ondsdag kveld ut Voss kommune sin Miljøvernpris til Kari Bye.

 

Miljøvernprisen for 2017 er den 27 som vert delt ut på Voss. Fyrste året den vart utdelt var i 1989.  I statuttane for miljøvernprisen står det at prisen skal vera til heider og stimulans for einskildpersonar, lag eller bedrifter som har utmerka seg innan miljøvernarbeid i kommunen.

 

Prisvinnaren i år har fokus på å formidla sine tankar og engasjement for miljøvernarbeid i kyrkja. På bakgrunn av sitt gode arbeid med miljøvern i kyrkja får

 

 

Kari Bye

Voss kommune sin miljøvernpris for 2017

 

Kari har lenge hatt eit stort miljøengasjement.  Då ho budde i USA, fekk ho god kontakt med urfolk der. Dei gav henne eit godt grunnlag for å engasjera seg for å ta vare på naturen.  Sidan har ho engasjert seg mykje for dette.  Hennar engasjement har ho særleg uttrykt gjennom si kristne tru. Å ta vare på skaparverket, har vore viktig for henne.  Ho har såleis vore med på å ta initiativ til å gjera Voss sokn til Grøn kyrkjelyd.  

Voss sokneråd vedtok i 2015  fleire miljøtiltak som ein del av å vera ein Grøn kyrkjelyd, som m.a. ;

  • Vi vil integrera miljø-, forbruks- og rettferdsperspektiv i undervisning, trusopplæring og barne- og ungdomsarbeid. 
  • Vi vil arrangera temakveldar med fokus på miljø, klima, forbruk og rettferd
  • Vi vil formidla stoff om miljø, klima, forbruk og rettferd i kyrkjelyden sin informasjonskanal dvs. Kyrkjenytt.
  • Vi vil sortera avfall for resirkulering, kompostering og spesialavfall til godkjent mottak
  • Vi vil oppmoda kyrkjelyden til å gå, sykla, reisa kollektivt eller køyra saman til og frå kyrkja eller møtelokalet, og leggja til rette for det

 

Som medlem av kyrkjelyden si "grøne" arbeidsgruppe har ho vore med på mange aktivitetar, som m.a. Kyrkja sin sykkeldag. Her kan ein lese ;

« Dei store problema i verda kan gjera oss handlingslamma, men det viktige er at ein kvar tek fat på noko i det samfunnet ein lever i.  For å gjera oss meir bevisst på miljøspørsmål, trengst det personleg engasjement på grasrota. Ein kan ikkje venta på internasjonale avtalar og politiske vedtak.  Det er gjennom bevisst handling ein kan setja endringsprosessar i gang, og sikra at utviklinga vil vera i pakt med miljøomsyn.  ”Det grøne skiftet” er eit omgrep som ikkje lenger er framand i samfunnet vårt, og Vangskyrkja er no med i denne endringsprosessen.  Denne gongen gjeld det sykling!»

 

Kari er og med i Besteforeldrene sin klimaaksjon.  Då dei hadde markering på Voss, heldt ho eit innlegg der.  Ho ivrar vidare for Bærekraftig liv-rørsla og ho deltek i internasjonale nettverk for bærekraft og rettferdig fordeling.  I nokre år har ho skipa til ein norsk/internasjonal konferanse om klima, miljø og bærekraft.

Sitt engasjement har ho gjeve uttrykk for gjennom ulike artiklar, t.d. i avisa Hordaland, i Vårt Land og i Kyrkjenytt .  I det siste har ho omsett frå engelsk ei barnebok som tek for seg klima og miljø.

Kari er ikkje den som stikk seg så mykje fram i det offentlege, og hennar engasjement for miljø og bærekraft er kanskje lite kjent, men for dei som kjenner henne er ho eit stort førebilete.

 

 

Miljøvernprisen er som vanleg eit kunstverk av ein lokal kunstnar. I år er prisen eit grafisk trykk av Geir Nymark

Sist endra 02.02.2018
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering