Livslyst - kurs med kreftkoordinator Voss/Kvam

Kreftforeningen logo - Klikk for stort bilete

 

 

Kreftkoordinator (Voss/Kvam) Kirsti Buset skal halda kurs for kreftpasientar, pårørande og etterlatte i månadsskiftet januar/februar 2018.

Kva når livet bestemmer seg for å ta ein u-sving inn i eit truande landskap - det ukjente. Med dette kurset håper me å kunne bidra til at du lærer meir om korleis du kan takle stress og få tak i di eiga livslyst.

 

 

Voss kommune

Kursdatoar: 25.01.18, 01.02.18, 08.02.18

Klokkeslett: 14-17.00

Stad: Tinghuset Voss

 

Kvam herad

Kursdatoar: 24.01.18, 31.01.18, 07.02.18

Klokkeslett: 14-17.00

Stad: Toloheimen, pauserommet

 

Det vert enkel servering.

Kurset er utarbeidd av kreftforeininga og er gratis for deltakarane.

Påmeldingsfrist 12.01.2018 til kreftkoordinator Margrete Berge: 90 67 98 53, eller Kirsti Buset: 99 20 71 29.

 

Om kurset:

 

Kurset er hovudsakleg for kreftpaseintar og deira pårørande, etterlatne. Gjennom kurset kan du få høve til å lera meir om korleis du kan takle stress og få tak i di eiga livslyst.

  • Praktiske tips og øvingar som kan gjera det lettare å handtera kvardagen
  • Større kjennskap til korleis tankar verkar inn på livet vårt, særleg når det røyner på
  • Du får høve til å utveksla erfaringar og synspunkter med andre i liknande situasjon

 

Kurset går over 3 samlingar:

  1. Tema: Når livet ikkje vert slik eg hadde tenkt det. Kva når livet tar ein u-sving inn i eit truande landskap. Du beveger deg inn i det ukjente - anten du er pasient eller pårørande. Du veit ikkje kor ferda endar - og det er lett å oppleva tap av kontroll.
     
  2. Tema: Å ta ein pust i bakken. Stressregulering og avspenning. Merksemdstrening. Eigenomsorg og sjølvaksept.
     
  3. Tema: Å styrke livslyst, ferda vidare med nye kart. Modellar og metodar for vegen vidare.
     
Sist endra 06.12.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering