Kunngjeringar
Publisert 15.09.2017

Utval for formannskap/plan og økonomi har møte 21.09.2017 kl.12:00 Kommunestyresalen.

 

Publisert 15.09.2017

 Sjå heimesida for meir info.

 

Publisert 08.09.2017

Utval for miljø og kultur (MKU) skal fordela kommunale kulturmidlar til born og unge, kulturminnevern, kulturbygg og anna kulturarbeid.  Dette blir hovudfordelinga i 2017 for kulturminnevern og kulturbygg. I tillegg er det er løyvd ekstra midlar til realisering av konkrete tiltak i kulturplanen (sjå under «sjølvbetjening – planar – temaplanar).  Søknadsskjema på kommunen si nettside (sjå under ”Sjølvbetening – Skjema”). Same stad finn de òg retningslinjer for kommunale kulturtilskot.  Søknadsfrist: 1. oktober 2017 

 

Publisert 08.09.2017

Tysdag den 12.september startar me opp att på Eldrekafeen i Velferdssentralen. Det vert musikk og allsong frå ca. kl. 11:00.

Me har smørbrød, vafler og heimelaga kaker.

Kafeen er open frå kl. 10:00 til 13:30 Alle er velkomen!

 

 

Publisert 01.09.2017

 

Stortingsvalet 2017 -  røystestader og opningstider, valdagen 11. september i Voss kommune

Publisert 01.09.2017

 

Utval for nærings- og tiltaksarbeid har møte tysdag 05.09.2017 kl. 16:00 i Kommunestyresalen.

Eldrerådet har møte torsdag 07.09. kl. 13:30 i Formannskapssalen.

Utval for miljø og kultur har møte torsdag 07.09.2017 kl. 15:00 i Kommunestyresalen.

 

Kunngjering plansaker:

Voss kommunestyre har i møte den 30.08.2017 godkjend fylgjande planar:

Sak 42/17 – Detaljreguleringsplan for travbane og fleirbruksanlegg på Kyte, planid 2016005

Sak 43/17 – Detaljreguleringsplan for Uttrågata 42, planid 2015007

Dokument i overnemde plansaker er utlagt i Servicetorget i Tinghuset på Voss, og er tilgjengeleg på Voss kommune si heimeside; http://www.voss.kommune.no/ Gå inn på sjølvhjelp og planregister og søk på planident.

Publisert 01.09.2017

 

Godkjende planar:

Voss kommunestyre har i møte den 30.08.2017 godkjend fylgjande planar:

 

Sak 42/17 – Detaljreguleringsplan for travbane og fleirbruksanlegg på Kyte, planid 2016005

 

Sak 43/17 – Detaljreguleringsplan for Uttrågata 42, planid 2015007

Dokument i overnemde plansaker er utlagt i Servicetorget i Tinghuset på Voss, og er tilgjengeleg på Voss kommune si heimeside; http://www.voss.kommune.no/ Gå inn på sjølvhjelp og planregister og søk på planident.

Publisert 14.08.2017

Publisert 30.06.2017

Detaljreguleringsplan for Groadalen hyttefelt på Reimegrend - Godkjent plan

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har kommunestyret i møte 22.06.17, sak 39/17, godkjent detaljreguleringsplan for Groadalen på Reimegrend, planid 2015005

 

Endring av adressenamn frå Tjørnavegen til Bonanger gata

Kommunestyret har i møte 22.06.17, sak 34/17, godkjent endring av adressenamn frå Tjørnavegen til Bonangergata

 

Godkjente planprogram:

Formannskap/plan og økonomi har i møte 22.06.17 godkjent planprogram for fylgjande planer:

Sak39/17- Detaljreguleringsplan for masseutak Bjørkemoen (NOBI Voss), planid 2015013

 Sak 41/17- Områdereguleringsplan for Mørkveslia, planid. 2016012

 

Publisert 08.06.2017

 Formannskapet har sendt økonomiplan 2018-2021 på høyring. Høyringsfristen er to veker, 22. juni. Innspel vert å senda til postmottak@voss.kommune.no. Ï menyen til høgre finn du sjølve økonomiplanen, og vedtaket i formannskapet med politiske innspel.

Publisert 02.06.2017
KommunevåpenNyeVoss.jpg

 

Mellombels fellesnemnd har vedteke å senda framlegg til nytt kommunevåpen for nye Voss kommune ut på høyring. Det har lenge vore diskutert om ein bør ha Granvin herad sitt motiv på Voss kommune sine fargar. Det er også det framlegget som vert sendt på høyring. Innspel vert å senda til postmottak@voss.kommune.no eller postmottak@granvin.kommune.no. Frist for å koma med innspel er sett til 1. august.

Det er då hardingfele i sølv på raud bakgrunn. I framlegget er fargene raudt og kvitt, det kjem av at Riksarkivet oppmodar om at ein nyttar kvitt for å gjengi motiv i sølv, slik at kontrasten mellom fargane vert best mogleg.

Les meir om kommunevåpen her.

Publisert 30.05.2017

Voss kommune innfører rutiner for førehandsbetaling av gebyr for einskild og ambulerande skjenkeløyve. Gebyret på kr 300,- skal vera betalt for at løyve er gyldig. Gebyret skal dekke saksbehandling kostnader og utgifter til førebyggjande rus arbeid.

Publisert 23.05.2017

Det vert varsla igangsetting av reguleringsarbeid for gnr. 272, bnr. 15, 16, 17, 18 og 20, som utgjer ein del av «Områdeplan for Voss fjellandsby». Føremålet med reguleringsarbeidet er å legge til rette for 60-70 fritidsbustader, og mellom anna utviding/oppgradering av Helgatun fjellpensjonat. Nordek Arkitekt og Prosjektering AS er plankonsulent og Voss Byggsenter AS er tiltakshavar.

Dokument i plansaka er utlagt i Servicetorget i Tinghuset på Voss, og er tilgjengeleg på Voss kommune si heimeside voss.kommune.no. Gå inn på Sjølvhjelp og planregister, søk på planident 2017005. Eller klikk her.

Varselbrevet til høyringsinstansane finn du ved å klikka her (PDF, 524 kB) eller i menyen til høgre.

 

 

Publisert 19.05.2017

Voss kommunestyre har i møte 11.05.17, sak 25/17, godkjent detaljreguleringsplan for Myrkdalen fjellandsby (S1,P3-P5, G og SKI) planident 2015009. Dokument i plansaka er utlagt i Servicetorget i Tinghuset på Voss, og er tilgjengeleg på Voss kommune si heimeside; http://www.voss.kommune.no. Gå inn på sjølvhjelp og planregister og søk på planid 2015009.

Publisert 21.04.2017

Som ein del av Voss kommune si satsing på klimatiltak vil kommunen tilby gratis sykkelsjekk hjå S. Endeve Sport AS frå måndag 24. april. Bremser og gir vil bli justert, sykkelen vil bli smurt og dekk kontrollert. Dersom det blir registrert feil på sykkelen vil kunden få informasjon om dette. NB! Førstemann til mølla. Innlevering av syklar kan skje etter avtale med butikken i Uttrågata, tlf. 92085136.

Publisert 18.04.2017

Det kan gjevast tilskot til eigar eller føretak som leiger jordbruksareal.

 

Publisert 31.03.2017

Detaljreguleringsplan for Myrkdalen bygdasenter (S3), planid 2014006 –plan til offentleg ettersyn med høyringsfrist 19.05.2017

I medhald av plan og bygningslova §§ 12-10 og 12-11 vedtok FPL i møte 30.03.2017, sak 18/17, å leggja detaljreguleringsplan for Myrkdalen bygdasenter (S3), planid 2014006, ut til offentleg ettersyn slik det går fram av plankart, føresegner og planomtale datert 16.03.17, signert HR Prosjekt AS.

 

Eventuelle merknader til planforslaget må sendast skriftleg innan den 19.05.2017 til Voss kommune, postboks 145, 5701 Voss, eller på e-post : postmottak@voss.kommune.no

 

Dokument i plansak er utlagt i Servicetorget i Tinghuset på Voss i tida 01.04.2017 til 19.05.2017, og er tilgjengeleg på Voss kommune si heimeside; http://www.voss.kommune.no/ Gå inn på sjølvbetjening og planregister og søk på planident 

Publisert 24.03.2017

 

Detaljreguleringsplan for Avfallsmottak på Bjørkemoen (IHM) plan-id.2014008 -godkjent plan

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Voss kommunestyret, i møte 16.03.2017, sak 15/17, godkjend privat detaljreguleringsplan for Avfallsmottak på Bjørkemoen IHM, plan-id 2014008.

Dokument i plansaka er lagt er utlagt i Servicetorget i Tinghuset på Voss, og er tilgjengeleg på Voss kommune si heimeside; http://www.voss.kommune.no/ Gå inn på sjølvbetjening og planregister og søk på planident. 

 

Publisert 17.03.2017

 

 

Miljø- og kulturutvalet i Voss kommune har vedteke at det skal vidareførast ei tilskotsordning for fjerning av gamle vedovnar, oljeovnar og oljetankar i Voss kommune.

Publisert 17.03.2017

 

Rus- og psykiatritenesta i Voss kommune har ei rekkje gruppetilbod til menneske som av ulike grunnar treng litt ekstra støtte eller rettleiing ein periode.

Publisert 10.03.2017

 Kontrollutvalet har møte tysdag 14.03.2017 kl. 09:00 på Park Hotel Vossesvangen

 

Kommunestyret har møte torsdag 16.03.2017 kl. 15:00 på Voss Folkemuseum Mølstertunet

Publisert 10.03.2017
fredag.png

Med heimel i plan og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 vedtok FPL i møte 02.03.2017, sak 13/17, oppstart av offentleg detaljreguleringsplan for Vetleflaten omsorgstun, planid 2017003.

Føremål med planarbeidet er å legge til rette for ei god utnytting av Udlabutomta og området rundt.

 

Publisert 06.03.2017

Vegstenging Giljavegen (strekning: Lotatræet - Breidablikk):

Vegen vert stengd f.o.m. måndag 06.03.2015 og framover i tid 08:00 – 15:00 alle arbeidsdagar grunna opprusting av vegen.

Under stenginga vert gamlevegen om Breidablikk opna for einvegskøyring ned til fylkesveg 311. Elles vert det omkøyring via Bordalsvegen.

Kontaktperson Steinar Een, telefon 95262065 

Publisert 03.03.2017

Utval for miljø og kultur har møte torsdag 09.03.2017 kl. 15:00 i møterom Traa

Utval for levekår og Råd for menneske med nedsett funksjonsevne inviterer til ope møte om NOU 2016: nr 17 «På lik linje» i Voss Kulturhus, kultursalen onsdag 08.03.2017 kl. 15:00 – 17:00. Vel møtt!

Eldrekafeen i Velferdsentralen

Tysdag den 7. mars vert det musikk og allsong i kafeen.

Frå ca. kl. 11.00 – me har smørbrød, vafler og heimelaga kaker. Kafeen er open frå kl. 10.00 til kl. 13.30.

Alle er velkomne! 

Publisert 28.02.2017

Det vert varsla igangsetting av reguleringsarbeid for gnr/bnr 187/4, eksisterande bustadfelt på Kinne (187/23,25,30-34) og delar av Skutlesvegen og Vikeshovdvegen. Føremålet med reguleringsarbeidet er å utvide eksisterande bustadfelt med inntil 16 tomter. Jan Helge Hjørnevik er forslagsstillar. BRUKET arkitektur AS er utførande konsulent for planlegginga.

 

Dokument i plansaka er utlagt i Servicetorget i Tinghuset på Voss, og er tilgjengeleg på Voss kommune si heimeside; http://www.voss.kommune.no/ Gå inn på sjølvbetjening og planregister og søk på planident 2016002.

 

 

 

Detaljreguleringsplan for Kinne 2, Busadfelt (PDF, 2 MB)

Kart (PDF, 9 MB)

Publisert 24.02.2017

 

Kommunale avgifter forfell til betaling i 3 terminar slik:   

1. termin:  15. mars ,  2. termin:  15. juni og 3. termin 15. oktober

Publisert 17.02.2017

Du kan nå oss før kl 12.00 og mellom 14.00-15.30.  

Publisert 17.02.2017

Voss kommune treng fleire vikarar i barnehage/skule/SFO. Me oppmodar lærarstudentar til å søkje.                           

Søknadsskjema finn ein på www.voss.kommune.no – sjølvbetjening - skjema 

Publisert 14.02.2017

Det vert varsla om oppstart av arbeid med offentleg detaljreguleringsplan for sentralidrettsanlegget. Føremålet med planen er å legge til rette for heilskaplege løysingar som ivaretek bruk av idrettsanlegg og tilgrensande areal på ein god måte. Voss kommune er forslagsstillar og skal utarbeide planen. Dokument i plansaka er tilgjengeleg  http://www.voss.kommune.no/. Gå inn på sjølvbetjening og planregister og søk på planid 2017002.

Det vil bli arrangert idrettskonferanse om sentralidrettsanlegget og oppstartsmøte om planarbeidet den 27.02.2017 kl 18:00 på Voss kulturhus.

Publisert 08.02.2017

Tid: måndag 27. februar 2017 kl. 18.00-21.00, stad: Voss kulturhus.

Det vert skipa til konferanse om framtida for sentralidrettsanlegget i Prestegardsmoen. I tillegg vil Voss kommune ved planavdelinga informere om oppstart av arbeidet med ein reguleringsplan for området.

Publisert 01.02.2017

Det vert varsla igangsetting av reguleringsarbeid for gnr 277 bnr 1,4,7 m.fl., Mørkveslia. Føremålet med planen er utbygging med ein kombinasjon av frittliggjande og konsentrert fritidsbusetnad, og å legge til rette for infrastruktur som mellom anna veg, VA, skiløyper og heis. Myrkdalen Fjellandsby AS er forslagsstillar. OPUS Bergen AS er utførande konsulent for planlegginga.

Dokument i plansaka er utlagt i Servicetorget i Tinghuset på Voss, og er tilgjengeleg på Voss kommune si heimeside; http://www.voss.kommune.no/ Gå inn på sjølvbetjening og planregister og søk på planident 2016012.

Publisert 30.01.2017

Det vert varsla om oppstart av arbeidet med ny detaljreguleringsplan for travbane på Kyte. Formålet med planarbeidet er å regulere til idrettsanlegg for etablering av travbane.

Voss Tråvlag er forslagsstillar og Bruket arkitektur AS er planleggjar. Dokument i plansaka er tilgjengeleg på Voss kommune si heimeside; http://www.voss.kommune.no/. Gå inn på sjølvbetjening og planregister og søk  på planid 2016005.

Publisert 24.01.2017

Det vert varsla om oppstart av arbeidet med å endre gjeldande reguleringsplan for Framnes. Føremålet med planarbeidet er å endre frå fritidsbygnad til bustad.

Seimen Eigedom AS er tiltakshavar og Arkitektbruket ANS er planleggjar.  Dokument i plansaka er tilgjengeleg på Voss kommune si heimeside; http://www.voss.kommune.no/. Gå inn på sjølvbetjening og planregister og søk på planid 2016009.

Publisert 12.01.2017

I samsvar med matrikkelforkrifta § 10 vil Voss kommune i 2017 utføra retting, endring, tilføying av opplysningar i det offisielle eigedomsregisteret (matrikkelen). Føringane gjeld referanse til eldre rettskraftige jordskiftesaker samt harmonisering av vegdata i det offisielle eigedomskartet med vektordata frå vegbase, og vert knytt til sakreferanse 17/00004-11 for aktuelle matrikkeleiningar. 

Publisert 05.01.2017

Frikort for eigendelstak 2 er automatisert frå 1. januar 2017. Frå denne datoen slepp du å søke om frikort for helsetenester. Det kjem automatisk i posten innan tre veker etter at eigendelstaket på 1 990 kroner er nådd. 

Publisert 05.01.2017

Det kommunale Kraftfondet har to tildelingsrundar i året. Søknadsfristane er 1. mai og 1. november.
Vedtak i Kraftfondet vert gjort i møte i juni og desember. 

 

Publisert 05.01.2017

Statens naturskadefond gir erstatning for skade på objekt det ikkje er mogleg å  forsikra seg mot gjennom vanlege private forsikringsordningar.  

Publisert 23.12.2016

Voss kommunestyre har i møte den 15.12.2016 godkjend fylgjande planar: 

Publisert 22.12.2016
DSC_0725.JPG

 

Kommunalavdeling for helse og omsorg har laga nyheitsbrev for hausthalvåret 2016. Her helsar den nye kommunalsjefen til alle tilsette, og du kan lesa om både ny arbeidsgjevarpolitikk, implementering av velferdsplattform, samhandling i lokalsjukehusområdet og kommunane si plikt til "øyeblikkelig hjelp døgntilbod". God lesnad og god jul. Brevet finn du her (PDF, 611 kB), eller i menyen til høgre.  

Publisert 09.12.2016
20161208_184048 (2).jpg

 

 

Leiar i miljø- og  kulturutvalet i Voss kommune, Vidar Skeie;  delte torsdags kveld ut miljøvernprisen 2016 til Renate Lunde.

Lunde fekk prisen for sitt arbeid med «Vossabia» og for si breie formidling av helse- og miljøverdiar. I år er prisen  eit grafisk trykk av Geir Nymark.

Omtale (PDF, 13 kB)

Publisert 30.11.2016

Voss kommune og NVE har engasjert Multiconsult til å gjennomføre eit moglegheitstudie om flaumdempande tiltak i Vossavassdraget etter skadeflaumen i oktober 2014.

Innbyggarane i kommunen har kome med verdfulle innspel til moglegheitstudiet.

Multiconsult vil i eit offentleg møte tysdag 6.desember 2016 kl 19:00 i Voss kulturhus overlevere rapporten frå studiet og presentere mogeleg flaumdempande tiltak i Vossavassdraget.

Rapporten frå moglegheitsstudiet vil vere tilgjengeleg på www.nve.no  og www.voss.kommune.no tysdag 06.12.2016 kl 0900.

 

 

Publisert 25.11.2016

I medhald av plan- og bygningslova § 11-15 har Voss Kommunestyre i  møte 23.06.2016, sak 43/16, vedteke  kommunedelplan for Fjellheimen villreinområde. Planen er tilsvarande vedteken av kommunestyra i dei andre kommunane innan planområdet.

 Dokument i plansaka er lagt er utlagt i Servicetorget i Tinghuset på Voss.

 KST-vedtak 23.06.2016, sak 43/16 (PDF, 369 kB)

Vedtaken plan med vedlegg (PDF, 4 MB)

Publisert 25.11.2016

 

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Voss Kommunestyre i  møte 17.11.2016, sak 68/16, godkjent detaljreguleringsplan for E16 – Nærøydalen, planid 2013008 slik det går fram av plankart, føresegner og planomtale datert 07.10.16, signert Statens vegvesen.

Dokument i plansaka er lagt er utlagt i Servicetorget i Tinghuset på Voss, og er tilgjengeleg på Voss kommune si heimeside; http://www.voss.kommune.no/ Gå inn på sjølvbetjening og planregister og søk på planid 2013008.

Publisert 27.10.2016

Godkjend plan - Detaljreguleringsplan for Røvhaugane hyttefelt – klagehandsaming               

Voss kommunestyre har i møte den 20.10.2016, sak 65/15, godkjent detaljreguleringsplan for Røvhaugane hyttefelt, planident 2011018.                                                                                                                       

Dokument i plansaka er lagt er utlagt i Servicetorget i Tinghuset på Voss, og er tilgjengeleg på Voss kommune si heimeside; http://www.voss.kommune.no/. Gå inn på sjølvbetjening og planregister og søk på planid 2011018.

Publisert 30.09.2016

opnar for off. bading måndag 3.oktober og har følgjande opningstider:

 

Måndag        kl. 19.30 -21.30 Kvinner

Tysdag          kl. 19.00 -21.30 Menn

Onsdag          kl. 19.00 -21.30 Kvinner

Torsdag*      kl. 18.00- 19.45 Off. bading

Fredag          kl. 19.30 -21.30 Menn

                                                           

* Born må vera i fylgje med vaksne på familiebadinga og torsdag. 

 

Velkomne til ny badesesong !

 

Publisert 09.09.2016

 

Nedre Tråstølen 2 -Godkjent plan

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Voss kommunestyre, i møte 01.09.2016, sak 57/16, godkjent  privat detaljreguleringsplan for Nedre Tråstølen II P-id 2015002.

Dokument i plansaka er lagt er utlagt i Servicetorget i Tinghuset på Voss, og er tilgjengeleg på Voss kommune si heimeside; http://www.voss.kommune.no/ Gå inn på sjølvbetjening og planregister og søk på planid 2015002.

Publisert 02.09.2016

Godkjent planprogram for kommunedelplan for Slæn-Tvinno

 

I samsvar med § 11-13 i plan- og bygningslova har  Formannskap, plan og økonomi, i møte 18.08.2016, sak 57/16, fastsett planprogram for kommunedelplan for E 16 Slæn - Tvinno, planid 2015006, datert juni 2016.

 

Dokument i plansaka er lagt er utlagt i Servicetorget i Tinghuset på Voss, og er tilgjengeleg på Voss kommune si heimeside; http://www.voss.kommune.no/ Gå inn på sjølvbetjening og planregister og søk på planid 2015006.

 

Publisert 30.08.2016

Stølsheimen verneområdestyre inviterer til ope møte om revidert forvaltningsplan for Stølsheimen landskapsvernområde. Informasjon om møta og planen er lagt ut på heimesida www.nasjonalparkstyre.no/Stolsheimen

Publisert 12.08.2016
Skjermbilde.JPG

 

Møtet finn stad på Grendahuset i Haugsviki torsdag 18. august 2016 kl. 1900

Meir informasjon (PDF, 262 kB)

Publisert 04.08.2016
Gjernes skule.png

Voss kommune har fått tildelt midlar frå Hordaland Fylkeskommune til etablering av snusløyfe for buss ved Gjernes skule.

Formålet med tiltaket er trygg skuleveg til Gjernes Skule.

 

Byggherre for tiltaket er Voss kommune, og anleggsarbeidet er tildelt entreprenør Flage Maskin AS. Planlagt oppstart er mandag 8 august 2016.

Flage maskin vil utføra dette arbeidet med minst mogleg ulempe for brukarane av området, og vonar eit godt samarbeid i prosjektet.

 

 

 

Publisert 01.07.2016

I medhald av plan- og bygningslova § 12-14 har FPL i møte 23.06.2016, sak 52/16, godkjend mindre endring av reguleringsplan for Nordre Hamlagrø vel planid 00032.

Dokument i alle plansakene er utlagt i Servicetorget i Tinghuset på Voss og er tilgjengelig på:

http://www.vossakart.no/gislinewebplan_Voss/

 

 

Publisert 27.06.2016
Livskvalitet.jpg

 

Kommunalavdeling helse og omsorg har laga eit nyheitsbrev for våren 2016. Her kan du lesa om saker og nyhende som har skjedd i løpet av våren. 

Publisert 16.06.2016
vangen-fraa-gjelle.jpg

 

Kommunalsjef Radina Trengereid har sagt opp si stilling i Voss kommune og begynner 1. sept 2016 i stilling som ambassaderåd/spesialutsending for utdanning-, forsknings- og teknologisamarbeid ved den norske ambassaden i Moskva.

Rådmannen meiner det er leitt å miste ein dyktig og engasjert leiar.  Samstundes er det positivt at tilsett i Voss kommune er aktuell for ei slik viktig stilling.

 

Rådmannen vil takke for innsatsen og ynskje lukke til med nye oppgåver.

 

Einar Hauge

rådmann

 

Publisert 16.06.2016
Opning friområde/badeplass Holemarka

Voss kommune har vedteke ein eigen plan for idrett og friluftsliv. Eit av tiltaka i planen er å opparbeide eit friområde/ badeplass ved  Holemarka.

Området er no ferdig tilrettelagt og gjev både vegfarane og innbyggarar i nærområda tilgang til Evangervatnet.

Arbeidet har vore eit samarbeidsprosjekt mellom Voss kommune og vegvesenet.

Området vart opna av ordførar Hans Erik Ringkjøp ved ei samkome på plasssen den 15 juni.

Publisert 10.06.2016

 med føremål å yta økonomisk støtte til kulturelle tiltak i Voss  kommune som i det vesentlege tener til styrking av folkemusikken, målarkunsten og kunsthandverket.  Frist for søknad om midlar frå legatet er 31. juli.

Søknad vert å senda på epost postmottak@voss.kommune.no eller til Voss kommune, p.b. 145,5701 Voss. Kontaktperson Gro Sølvberg, tlf 93007111.

Publisert 10.06.2016

Mjølfjell Tun P-ident 2016004– endring av reguleringsføresegner

I medhald av plan- og bygningslova § 12-14 er endring av føresegner for reguleringsplan for Mjølfjell Tun vel, planident 2016004, godkjent 03.06.2016.

 

Dokument i plansaka er utlagt på servicetorget i Tinghus og på Voss kommune sine heimesider. Gå inn på: http://www.vossakart.no/gislinewebplan_Voss/

 

Publisert 10.06.2016

Kontrollutvalet har møte måndag 13.06.2016 kl. 09.00 i møterom Traa.

Kommunestyret har møte torsdag 16.06.2016 kl. 12:00 i kommunestyresalen.

Møtet vert kringkasta av Radio Folgefonn.

 

 

Publisert 03.06.2016

Tysdag den 7. juni vert det musikk og song i kafeen. Dette vert siste dagen med kafe før sommarferien.

Me startar opp at den 6. september 2016. Med musikk og allsong.

Alle er velkomne!

 

Publisert 30.05.2016

Vegadressenamn/områdeadressenamn for stølar, hytter og spreidd busetnad  

Voss Kommunestyret har i møte 19.05.2016, sak 26/16, godkjent adressenamn for 78 adresse/vegnamn for stølar, hytter og spreidd busetnad som tidlegare ikkje er adresserte  i Raundalsområdet, Bjørgumområdet, Voss – Vossestrand og fleire område.

Dokumenta er også lagt ut på servicetorget på Tinghuset.

Publisert 30.05.2016

 

Detaljreguleringsplan for Nordheimsmarka bustadfelt, plan-id 2014010-Godkjent plan

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-12 og 12-14, har Voss kommunestyre, i møte 19.05.2016, sak 25/16, godkjend endring av privat detaljreguleringsplan for Nordheimsmarka bustadfelt, med plankart, føresegner og planomtale, datert 08.07.2015, sist revidert 31.03.2016, signert Arkitektbruket ans.  

Dokument i overnemde plansaker er utlagt i Servicetorget i Tinghuset på Voss, og er tilgjengeleg på: http://www.vossakart.no/gislinewebplan_Voss

 

Publisert 29.04.2016

 Frå mai 2016 og ut februar 2017 skal alle nye eigedomar, og bygg som er endra eller tekne i bruk i løpet av 2016 takserast.

Dette er ei utvendig synfaring, og det er ikkje nødvendig at eigar er tilstades under synfaringa.

For meir informasjon kontakt eigedomsskattekontoret man-fre kl 10.00 - 14.00 telefon 56519400 eller e-post: postmottak@voss.kommune.no

Publisert 29.04.2016

 

Som ein del av Voss kommune si satsing på klimatiltak vil kommunen tilby gratis sykkelsjekk hjå Voss Sykkelservice, Kvernavegen 11 og Sporten Voss AS, i AMFI frå mandag 2 mai. Bremser og gir vil bli justert og sykkelen vil bli smurt. Dersom det blir registrert feil på sykkelen vil kunden få informasjon om dette. NB! Første mann til mølla.

For avtale om innlevering av syklar til Voss Sykkelservice kontakt ; voss.sykkelservice@online.no  Innlevering av syklar til Sporten i AMFI kan skje i butikken.

Publisert 15.04.2016

 

Minner om lokal forskrift  om open brenning og brenning av avfall i Voss kommune.

Sjå kommunen si heimeside: www.voss.kommune.no

Publisert 15.04.2016

 

Skulekrinsar og 17. mai nemnder kan søkja om tilskot til leikar for born. Søknad til Voss kommune, boks 145, 5701 Voss eller postmottak.voss@voss.kommune.no innan 30.april 2016. Hugs å ta med kontonummer og kontaktperson.

 

Publisert 13.04.2016

Offentleg bading vil vera open frå same dag. 

Badstova vil ikkje vera tilgjengeleg i påvente av ny omn.

Publisert 19.02.2016

Voss kommune treng fleire vikarar i barnehage/skule/SFO. Me oppmodar lærarstudentar til å søkje. Søknadsskjema finn ein på www.voss.kommune.no – sjølvbetjening - skjema

Publisert 12.02.2016

 

Kommunale avgifter forfell til betaling i 3 terminar slik:   

1. termin:  15. mars ,  2. termin:  15. juni og 3. termin 15. oktober

Publisert 12.02.2016

Frå 2010 vert det skrive ut eigedomsskatt i heile kommunen. Kommunestyre har i sak 15/02798 vedteke at for 2016 vert skattesatsen på bustadeigedommar 2,6 promille utan bruk av botnfrådrag og 7 promille for næringseigedomar.

I medhald av lov om eigedomsskatt av 6. juni 1975 nr. 29 og kommunale vedtekter, vert eigedomsskattelista lagt ut til offentleg ettersyn i Servicetorget på Tinghuset i 3 veker frå 26. februar – 18. mars 2016.  

Skattebeløpet forfell i 3 ulike terminar slik:

1.termin:  15. mars ,  2. termin:  15. juni og 3 termin 15. oktober.

 

 

 

Publisert 12.02.2016

 

Voss kommune vil starta opp etablering av ballplass på Klausabakken.

Tilkomstveg til idrettsbane og  uteområde for fri aktivitetar frå Klausabakken blir stengt pga. gravearbeid/sprenging, inn til vidare.  

Publisert 05.02.2016

 

Det vert oppstart av ny treningsgruppe for heimebuande over 70 år torsdag 18 februar kl. 14:00 på Hagahaugen. Treninga har fokus på styrkeøvingar som styrkjer kroppen i daglegdagse aktivitetar. For meir informasjon og påmelding ta kontakt med Idretts- og folkehelsekoordinator på telefon 97997139 eller 56519441. Tilbodet er gratis.

Publisert 29.01.2016

Detaljreguleringsplan for Elvegata, planid 2012015  - Planar til offentleg ettersyn med høyringsfrist 14.03.2016

I medhald av plan og bygningslova §§ 12-10 og 12-11 vedtok FPL å leggja detaljreguleringsplan for Elvegata, ut til offentleg ettersyn, slik det går fram av plankart, føresegner og planomtale, signert O L Tvilde AS.

 

Godkjent planprogram for Voss husflidskule- Planident 2014009

I samsvar med § 12-9 i plan- og bygningslova har Formannskap, plan og økonomi fastsett planprogram for  detaljreguleringsplan for Voss husflidskule revidert 06.01.2016.

 

Dokument i overnemde plansaker er utlagt i Servicetorget i Tinghuset på Voss, og er tilgjengeleg på http://www.vossakart.no/gislinewebplan_Voss/

 

Publisert 26.01.2016

                

Publisert 12.01.2016

DBC AS har varsla oppstart av reguleringsendring for Myrkdalen bygdasenter, planid 2014006. Planarbeidet inneber fleire mindre endringar, og vil skje innafor rammene til kommunedelplan for Myrkdalen, planid 06024. For meir informasjon sjå oppstartsdokument i planregister:

Publisert 08.01.2016

I samsvar med matrikkelforkrifta § 10 vil Voss kommune i  2016 utføra retting, endring, tilføying av opplysningar i det offisielle eigedomsregisteret (matrikkelen).

Føringane gjeld referanse til eldre rettskraftige jordskiftesaker samt harmonisering av vegdata i det offisielle eigedomskartet med vektordata frå vegbase, og vert knytt til sakreferanse 16/00002-8 for aktuelle matrikkeleiningar.

Publisert 11.12.2015

Har møte torsdag 17.desember kl. 12:00 i møterom Traa.

 

Publisert 20.11.2015

Tømmestasjon for bubilar er no stengt for vinteren.

 

Publisert 20.11.2015

Voss kommunestyre har i møte den 12.11.2015 godkjend fylgjande planar:

 

Publisert 02.10.2015

Voss brannvern innførar nye rutinar for varsling av feiing og tilsyn av fyringsanlegg ved hjelp av SMS/talemelding frå og med 01.10.2015.

Publisert 03.09.2015

Det er eit aukande behov for støttekontakt i Voss kommune. Me trenge støtte og treningskontakter for born,  unge vaksne og eldre. Me søkjer etter menn og kvinner over 18 år, som har energi til overs til å gi andre ein betre kvardag. Du får godtgjersla, rettleiing og ein verdsatt og innhaldsrik erfaring. Ta kontakt med Martin Ensink på martin.ensink@voss.kommune.no. Telf:48014573 

Publisert 01.09.2015

Alle kommunar i Noreg har ei legevaktordning for øyeblikkeleg helsehjelp heile døgnet.
Når du ringjer 116 117 kjem du i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg.
Er det akutt og står om liv, ring 113.

 

Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering