Kommunal kulturpris og kommunal miljøvernpris 2017

Framlegg til kanditatar kan sendast inn til postmottak@voss.kommune.no innan 20. november 

 I statuttane for begge prisane heiter det:

”Gjennom utlysing skal ålmenta få høve til å fremja grunngjevne framlegg om aktuelle kandidatar.”  ”Lista over føreslegne kandidatar vert ikkje offentleggjord.”

Om Kulturprisen heiter det m.a.:

”Prisen er meint som ei heiders-helsing for fortenestefull innsats som kunstnar/ kulturarbeidar, for konkrete initiativ eller nye arbeidsmåtar innan kulturarbeid, eller for innsats innan byggeskikk og utandørs-estetikk. ”Kulturprisen kan delast ut til kunstnarar/ kulturar­beidarar eller lag/organisasjonar med tilhald i kommunen eller anna tilknyting til Voss; og med verkefelt innan det utvida kulturomgrepet.”

Om Miljøvernprisen heiter det m.a.:

”Miljøvernprisen skal vera til heider og stimulans for einskildpersonar, lag eller bedrifter som har utmerka seg innan miljøvernarbeid i kommunen.”

Sist endra 10.11.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering