Hjelp oss med å redusera papirforbruket

Miroslava M Basara håpar flest mogleg går over til eFaktura og AvtaleGiro - Klikk for stort bileteMiroslava M Basara håpar flest mogleg går over til eFaktura og AvtaleGiro

 

Kvart år sender Voss kommune ut nær 50.000 fakturaer. Berre til første termin for kommunale avgifter går det ut 11.000 fakturaer, over 8.000 av desse går på papir. Det er for mange, og me vil gjerne at fleire skal takka ja til eFaktura og/eller AvtaleGiro. Valet får du i nettbanken når du betaler rekninga di. For å motivera litt ekstra  trekkjer Voss kommune ut seks av dei som går over til eFaktura eller AvtaleGiro innan forfall 20. mars. Er du mellom dei heldige, vinn du gåvekort i Voss resort, Myrkdalen, Voss Vind eller Voss Active.

Fordelar med eFaktura

Enkelt - Du får rekningane dine rett i nettbanken din, ferdig utfylt.

Oversiktleg - Alle rekningane blir lagra i nettbanken. Når du får ei ny rekning, får du beskjed.

Praktisk - Du kan betala rekningane dine når som helst, uansett kvar du er.

Fleksibelt - Du kan endra både forfallsdato, beløp og kva konto det skal betalast frå. Du kan også stoppa betalinga.

Tidssparande -  Du treng ikkje å forholda deg til lange KID-nummer eller anna betalingsinformasjon.

Miljøvenleg - Med eFaktura sparer du miljøet for unødvendig papirbruk.

 

Fordelar med AvtaleGiro

Billig - Du får ingen fakturagebyr og rekningane blir alltid betalt i tide så du unngår purregebyr.

Enkelt - Banken syter for at rekningane blir betalt automatisk på forfallsdato.

Tidssparande -  Du treng ikkje å forholda deg til lange KID-nummer eller anna betalingsinformasjon.

Oversiktleg - Du har full oversikt i nettbanken. Før forfall vil du få varsling om komande trekk.

Fleksibelt - Du kan endra både forfallsdato, beløp og kva konto det skal betalast frå. Du kan også stoppa betalinga.

Hjelp oss med å spara både tid, pengar og ikkje minst miljøet. Gå over til eFaktura eller AvtaleGiro no. Fagansvarleg for kommunale krav, Miroslava M Basara, trekkjer ut seks av dei som går over til eFaktura eller AvtaleGiro innan forfall på første termin, som får kjekke opplevingar i vossanaturen. Gåvekorta er levert av Voss Vind, Voss resort, Myrkdalen og Voss Active. Tilsette i Voss kommune er ikkje med i trekninga av gåvekort.

Treng du hjelp eller lurer på noko? Ring oss eller stikk innom og spør.

Me er her for å hjelpa deg. 

Sist endra 11.01.2018
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering