Frå Kina til Voss for å læra om barnehagar

Barnehage_Kina.jpeg - Klikk for stort bilete

 

Kommunalavdeling oppvekst i Voss kommune tok måndag imot ein delegasjon på 14 barnehageleiarar frå tre ulike vestlege provinsar i Kina.

Dei ville lære om administrering av norske barnehagar; korleis me nytter naturen og korleis me satsar på utdanning for berekraft. Vidare skal dei på synfaring i ulike utegrupper i barnehagane på Voss.

Delegasjonen fekk kome til Voss tinghus for eit foredrag med Frøydis Solbakk, etterflgt av lunsj. Det har vore lærerikt for alle saman, og me håper på eit framtidig utviklingsarbeid i fellesskap.

Sist endra 12.06.2018
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering