Folkehelseundersøking i Hordaland

I samarbeid med Folkehelseinstituttet gjennomfører Hordaland fylkeskommune ei stor folkehelseundersøking i Hordaland. I første omgang vert 2000 invitert å vera med, via SMS eller e-post. "Fleire gode levekår der du bur" er målet for fylkeskommunen sitt folkehelsearbeid. For å koma dit må fylkeskommunen finna ut korleis folk har det i dag. Hovudundersøkinga i april går difor ut til 65.000 innbyggjarar. Får du e-post eller SMS, så gir du eit stort bidrag ved å delta. Les meir på Hordaland fylkeskommune sine nettsider

Sist endra 01.02.2018
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering