Fin markering av «Kva er viktig for deg?»-dagen

KvaErViktigForDeg.jpg - Klikk for stort bilete

Tysdag markerte Voss kommune «Kva er viktig for deg» - dagen for andre gong, med seminar for innbyggjarar og helsepersonell. Ved å stilla spørsmålet «Kva er viktig for deg?» vert fokus flytta frå sjukdom til heile mennesket. Gjennom det opplever pasienten å bli sett og høyrt, og det vert skapt tillit mellom den som gir hjelp og den som tek imot hjelp.

80 deltakarar deltok på seminaret, mellom desse var det innbyggjarar og helsepersonell frå Voss, Kvam og Ulvik. Også spesialisthelsetenesta ved Bjørkeli DPS deltok.

Tema for dagen var fysisk aktivitet, førebygging, aldring, samhandling og meistring. Programmet for dagen var ulike innlegg, og etter seminaret kom det fylgjande tilbakemeldingar frå deltakarane:

 «nyttig og inspirerande»

«Mange fine og interessante innlegg»

«Bra med personar som fortalte om eigne opplevingar og erfaringar»

«Flott markering»

«En fantastisk temadag»

«Livsmeistring satte følelsene i sving»

«Er takknemlig for å ha fått mulighet til å være med på dette»

«Har delt videre med mine kollegaer»

 

Seminaret vert no evaluert med sikte på å avgjera om ein skal gjenta dagen også neste år.

Sist endra 07.06.2018
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering