Færre feil med medisinane

Tavlemøte - Klikk for stort bilete

Dei siste 6 månadane har tal feil med medikament blitt redusert med 50 % hjå Lekvebakken og Vetleflaten omsorgsbustad. Dette presenterte Arnhild Vethe, Liv Finne Nybø og Gullborg Osgjerd Rekve på Helse- og omsorgskonferansen, då dei fortalte om sitt arbeid med å betra kvalitet i tenestene og tryggleiken for menneske med nedsett funksjonsevne. 27 kommunar deltok på konferansen og Voss fekk mange gode tilbakemeldingar for sitt arbeid.

 

Konferanse3 - Klikk for stort bilete

Avdelingane har m.a. hatt som mål å redusera tal feil med medisinane med 50%, og har dei siste 6 månadane arbeidd intensivt med dette. På konferansen kunne leiarane presentera at dei hadde nådd målet! Alle avdelingane for menneske med nedsett funksjonsevne skal no innføra tavlemøter og setja eigne mål for å betra pasienttryggleiken.

 

Tavlemøter er ein arbeidsmetode som avdelingane har henta frå Pasientsikkerhetsprogrammet.

 

Lukka til vidare med det gode arbeidet!

Sist endra 13.04.2018
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering