Enklare og billigare å leiga torgplass

Torget - Klikk for stort bilete

Kommunestyret vedtok i haust ein vesentleg reduksjon i prisane for torgleige, samt avvikling av faste plassar/årsleige på torget.

 

Med dette ynskjer ein å få auka trafikk på torget, og særleg vert lokale produsentar og småskalabedrifter ynskt velkomen.

Ein kan leiga torgplass pr mnd – veke – dag, for maksimalt 4 mnd av gongen, og prisar er anten med eller utan straum. Vi gjer særleg merksam på følgjande spesialtilbod :

                          Spesialpris liten plass måndag-laurdag inkl straum :
                                                KUN KR 250,- PR DAG

 

Sjå elles: prisar og retningslinjer (PDF, 596 kB).

 

Sist endra 10.01.2018
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering