Ekte vossavatn – heilt gratis

Reint drikkevatn er grunnleggande for liv og helse, og god folkehelse. Ved Bergsliplass vis a vis tinghusplassen kan du no drikka ekta vossavatn, heilt gratis.

I samarbeid med Vossapakko og Statens vegvesen har Voss kommune bygd ein drikkevassport, til fri bruk for tørste vossingar og besøkande. Drikkevassposten er plassert rett attmed servicestasjonen for sykkel.

Med reint, kaldt og gratis vossavatn tilgjengeleg heile døgnet, treng ingen gå tørste på Vangen.

 

Idretts- og folkehelsekoordinator Nils Helge F. Kvamme testar drikkevassposten - Klikk for stort bileteIdretts- og folkehelsekoordinator Nils Helge F. Kvamme testar drikkevassposten Tor Halvorsen Nils Helge F. Kvamme og Silje S. Solstad testa drikkevassposten ved Bergsliplass. Ekte vossavatn, heilt gratis - Klikk for stort bileteNils Helge F. Kvamme og Silje S. Solstad testa drikkevassposten ved Bergsliplass. Ekte vossavatn, heilt gratis

Sist endra 15.05.2018
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering