Årsmelding og rekneskap godkjent

Kommunestyret 22. juni 2017 - Klikk for stort bilete Tor Halvorsen

 

Kommunestyret godkjende torsdag både årsmelding (PDF, 4 MB)og rekneskap (PDF, 4 MB)for Voss kommune i 2016. Årsmeldinga gir eit bilete av aktiviteten til Voss kommune som verksemd i 2016. Representantar frå fleire politiske parti nytta taletida til å rosa tilsette i kommunen for mykje godt arbeid i året som var gått.

Det siste kommunestyremøtet før ferien fatta også vedtak i ei fleire store saker for Voss, mellom anna økonomiplanen for dei neste fire åra.

Neste kommunestyremøte vert onsdag 30. august, på Park Hotel. Dette vert eit spesielt møte, då både Voss og Granvin skal ha parallelle kommunestyremøte først, før dei to kommunane skal ha felles kommunestyremøte i samband med kommunesamanslåinga. Også fylkesmann Lars Sponheim skal delta på dette møtet.

Sist endra 23.06.2017
Fann du det du leitte etter?
 
Login for redigering