Vossakyrkjemessa 2018

fredag 1. juni 2018 - søndag 3. juni 2018, Heile dagen

Merknad: Eivind Skeie på skulebesøk, fredag dagtid. Salmekveld i Vangskyrkja fredag kveld, Seminar laurdag formiddag, Gudsteneste i Vangskyrkja sundag kl 11.00.

Informasjon

Vossakyrkjemessa 2018. Nemda for vossakyrkjemessa har i år invitert prest og forfattar Eyvind Skeie. Eyvind Skeie arbeidde som prest frå 1975 til 1985. Han har sidan arbeidd som forfattar, salmediktar og foredragshaldar. Han har skreve fleire barneprogram for NRK, mellom anna Portveien 2 og Sesam stasjon, fagbøker, diktbøker og forteljingar for born og vaksne. Eyvind Skeie utgav hausten 2007 «316 salmer og sanger», ei salmebok kor alle tekstane er signet Eyvind Skeie. Dette er ei unik hending i norsk salmehistorie. Hans mest kjende salme er «en stjerne skinner i natt». Godt kjend er også «Tenn lys!» og «ei krubbe var vogga». Han har også skrevet kantaten «Visst skal våren komme» som har vore framført i Vangskyrkja av Voss kantori saman med Ål kantori. I Norsk salmebok 2013 har Eyvind Skeie 38 eigne salmar og 17 salmar han har omsett. Under årets vossakyrkjemesse vil Eyvind Skeie vitja nokre skuleklassar på Voss. 1. juni vert det salmekveld i Vangskyrkja. 3. juni vil Eyvind Skeie halde preike under gudstenesta og det vert sunge salmar av Eyvind Skeie. Heile programmet vert kunngjort i avisa, og på www.voss.kyrkja.no.

Stad

Vangskyrkja
 

Kontakt

Kyrkja i Voss
Uttrågt. 5,  5700 Voss

(Nettside): http://www.voss.kyrkja.no

Ansvarleg

Magnus Kløften
 

Tlf.: 56523880

E-post : kantor@voss.kyrkja.no

Legg til hendinga i din kalender

Filter

Søk

Filter

Søk

 
Login for redigering