Stillingsnummer 12/1033
Moglegheit for opp auke i stilling ved auka aktivitet/drift.
Me ynskjer oss ein kollega som har:
- Erfaring frå reinhaldsfaget/fagbrev som reinhaldar
- Fleksibel/evne til å omstilla seg til nye arbeidsoppgåver
- Utprega servicehaldning overfor brukarane av våre tenester
- Gode kommunikasjon og samarbeidsevner
- Evne til å arbeida sjølvstendig og i team.
Me tilbyr deg:
- Gode arbeidskollegaer!
- Naudsynt opplæring og etterutdanning
- Løn etter avtale i samsvar med kommunalt avtaleverk
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Pensjonsordning
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald blant sine tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkja. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av befolkningssamansetjinga generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Menn og personar med minoritetsbakgrunn vert difor spesielt oppmoda til å søkje stillinga.
Nærare opplysningar ved husøkonom Håkon Grimestad, telefonn56521510.
Tilsetjing i samsvar med lov, føresegner og avtaleverk. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Søknad med CV vert å senda Voss Kommune, postboks 145, 5701 Voss.
Dokumentasjon på cv vert å ta med på intervju.
Søknadsfrist 20.08.2012