Det regna då me møtte i kulturhuset til opning av dagen ved ordførar Hans-Erik Ringkjøb, innlegg frå politiet v/Håvard Skattum og vegvesenet v/Jostein Finne, og appell frå elevrådsrepresentantane Sindre og Hildegunn frå Evanger, Johannes og Ingrid frå Sundve, Lea og Marie frå 9B. Ikkje lenge etter at me var kome i gang ute i prestegardsmoen og på grusbanen ved idrettshallen gav regnet seg og me fekk opphaldsver resten av dagen. Sola kom og tidvis fram.
Klassane var delt i grupper og deltok i natursti i prestegardsmoen med praktiske øvingar og teorispørsmål om trafikk og trafikktryggleik. På grusbanen hadde vegvesenet, politiet/trygg trafikk, ambulansetenesta og brannvesenet stasjonar som alle elevane var innom og fekk demonstrert og delteke i ulike aktivietar.
Dagen vart avslutta med demonstrasjon av ei redningsøving der etatane rykte ut. Hendinga var ein bil som hadde køyrt på ein syklist. To elevar, Sjur Tveito og Jens Mæland, kom fyrst til ulykkesstaden og dei organiserte sikring og varsling. Brynjulv Eide frå vegvesenet fortale elevane kva oppgåver kvar etat har i ei ulykke.
Me takka for ein flott trafikkdag med å dele ut kinobillettar til beste gruppe på naturstien - det vart Lasse, Preben, Anton, Jan Ruben, Filip og August frå klasse 9E med 55 poeng.
Elevane bidrog til at det vart ein flott trafikkdag i 2012 òg, og me håpar det vart ein minnerik og lærerik dag.