Tilrådinga går på at eigedomskatten skal utgjera 2,1 promille for bustadeigedommar (utan bruk av botnfrådrag) og 7 promille for næringseigedommar.
Fritekne for eigedomsskatt vert berre:
- § 7a: "Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten."
- og § 7b:"Bygning som har historisk verde".
Det første punktet refererer seg t.d. til eigedommar tilhøyrande ideelle lag/organisasjonar, fylkeskommunale anlegg, private barnehagar, helse-og sosialeigedommar m.m..
Det andre punktet er avgrensa til å gjelda bygningar som har status som freda i.h.t fylkeskonservator si liste.
Voss kommune skal i,.h.t. kommunebudsjettet for 2010 ta inn 47,335 millionar i eigedomsskatt. Av dette utgjer skatt på næringseigedom 32,57 mill. Bustadeigedommane skal dermed få ei samla skattlegging på kr 16,665 millionar.
Kommunen kan også innføra såkalla "botnfrådrag" på den aktuelle skattetaksten. I saksutgreinga for FPL vert dette drøfta; men konkludert med at slikt båtnfrådrag ut frå ei samla vurdering ikkje er ønskjeleg. FPL seier seg samd i dette.