Hovudføremålet med kommunedelplanen er å fastsetja rammene for framtidig arealbruk i området. Kommunedelplanen omfattar eit stort område, frå Nobbi inn til Kvassdalen og via Årmot, Bygardsli, Mørkve og Skjervheim ned til Myrkdalsvatnet og via Mørkve og Nesheim opp til Ulvund. Det samla området som inngår i kommunedelplanen er samla på omlag 40 km² (40 000 daa).
Planen legg til rette for utbyggingsområde for fleire føremål, slik som alpinanlegg, fritidsbustadar, bustader, hotell, serveringsstadar og ulike næringsføremål. Planforslaget viser om lag 3400 nye fritidsbustadeiningar totalt, fordelt på fleire område. Vidare er det lagt til rette for utviding av alpinanlegget med 5 nye skiheisar og mange løyper.
Tiltakshavar for planen er Voss Fjellandsby AS på oppdrag frå Voss kommune. Planleggjar er Opus Bergen AS.
Kommunedelplanen vert lagt ut til offentleg ettersyn på servicetorget i Tinghuset i tida 8.juni til 14.august 2009.
Som ein del av informasjonen i samband med utlegginga skal det haldast eit orienteringsmøte tysdag 9.juni kl. 20 i Myrkdalen skule. Alle Myrkdøler og andre interesserte er velkomne til dette møtet.
Spørsmål om planforslaget kan rettast til servicetorget som kan svara eller visa til saksbehandlar for planen. Dokument i plansaka er å finna på Voss kommune sine heimesider www.voss.kommune.no. Gå inn på Planar/ Planar under arbeid.
Eventuelle merknader til konsekvensutgreiinga og planforslaget må sendast skriftleg innan den 14. august 2009 til Voss kommune, postboks 145, 5701 Voss.